Dersom forslaget frå arbeidsgruppa i Vest politidistrikt blir ein realitet, kan 16 lensmannskontor bli borte i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Det skriv Bergens Tidende som har fått tilgang til skissene arbeidsgruppa arbeider med. I begge fylke er folk spente på korleis reforma kjem til å sjå ut og kor mykje ressursar som følgjer med.

Avstandar bekymrar

Lange avstandar bekymrar fleire.

– Med den bemanninga vi har i dag, klarar vi ikkje oppfylla kravet frå Stortinget om responstid. Det har vore fleire hendingar, både trafikkulykker, valdssaker og brannar, der responstida har vore på over ein time, seier lensmann Åge Løseth i Fjaler, Askvoll og Gaular til avisa.

Stortinget har stilt krav om responstid på 45 minutt i område med under 2.000 innbyggjarar.

Løseth meiner omorganiseringa både kan betra og forverra denne situasjonen alt etter kva løysing som blir vald for området. I Sunnfjord er det ifølgje BT lagt opp til at to av dei tre lensmannskontora i Fjaler, Hyllestad og Askvoll blir borte.

– Viss vi får eitt lensmannskontor med døgnbemanning, så vil vi klara kravet til responstid. Om to av kontora blir lagt ned, utan at vi får døgnbemanning på det tredje, betyr det i realiteten ei forverring av tilbodet, seier han.

Lønseth er også skeptisk til såkalla rullande kontor, der fleire arbeidsoppgåver skal skje frå politibilane.

– Få overraskingar

Nestleiar Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund (PF) Vest, er skeptisk til kva vinsten for politiet blir ved å kutta småkontor.

– Det har ingen gjeve oss noko klart bilete av, og eg har spurt både politimeisteren og politidirektøren. Eg er uroleg for om det verkeleg blir betre i distrikta, seier han.

Innan 15. oktober blir forslaget til ny modell sendt ut på høyring.

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt trur ikkje forslaget vil vekkja store overraskingar.

– Eg har ikkje inntrykk av at det er mange overraskande lensmenn eller ordførarar. Dette er noko vi har diskutert ope lenge. Det er mykje forståing for endringane som kjem, seier han.

Politimeisteren strekar under at små kontor er svært sårbare og at det trengst eit robust system som sikrar politikraft der trengst og når det er behov for det.

Desse tenestestadane er føreslegne avvikla i Hordaland og Sogn og Fjordane:

Askvoll, Austrheim, Balestrand, Bremanger, Gaular, Gulen, Hyllestad, Jondal, Jølster, Luster, Radøy, Samnanger, Selje, Solund, Ullensvang og Ulvik. I tillegg vil politidistriktet slå saman Osterøy og Vaksdal, og Årdal, Lærdal og Aurland. (©NPK)