Totalt 2.330 passasjerar, fordelt på 116 bussar, vartkontrollert på Vestlandet under Statens vegvesen sinebeltekontrollar i buss i førre veke. Så mange som 374 passasjerar sat usikra.

- Det vart ikkje skrive ut gebyr under kontrollane, og dei fleste slapp med muntlegeadvarslar. Dette fordi kontrollørane ikkje hadde sikkerobservasjon, seier Anne Margrethe Bøe som er kampanjeansvarlig iStatens vegvesen, Region vest.

Størst problem i turistbussane

- Heldigvis var det kun åtte passasjarer under 15 år som sat usikra,og alle bussjåførane hadde belte på. Det viser seg at det er særlegturistbussar med utanlandske passasjerar som ikkje brukar belte,seier Bøe.

Bøe seier vidare at gebyret iseg sjølv ikkje er viktig, men eit effektivt verkemiddel for åfå stadig fleire til å ta trafikksikre val både for seg sjølv ogmedpassasjerane.

- Vi trur mørketala framleis er store, og atkontroll saman med informasjon er viktig, seier Bøe.

Bøter på Austlandet

Det vart gjennomført tilsvarande kontrollar på Austlandet og her vart 161 passasjerar og ti sjåførar ilagt bøter. Men også her var det nærare 500 som slapp med advarsel grunna usikker observasjon. Totalt 8345 passasjerar vart sjekka.