Barn av fedre som røykte då dei var unge, har større risiko for å utvikle astma enn barn av ikkje-røykjande fedre, viser ein ny norsk studie.

Studien, som er gjort ved Universitetet i Bergen, viser òg at det speler ei rolle for astmarisikoen kor tidleg far byrja å røykje, mens det ikkje spelte noka rolle kor lenge før befruktinga han hadde slutta.

– Barn av fedre som røykte før befruktinga, hadde over tre gonger så høg risiko for astma som dei som hadde fedre som aldri har røykt, seier professor Cecilie Svanes ved Institutt for helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.

– Den største risikoen for astma blant barna fann vi dersom far byrja å røykje før han var 15 år gammal. Interessant nok var tidspunktet han slutta å røykje før befruktinga, ikkje relatert til astma hos barna, seier Svanes.

Viss far byrja å røykje etter puberteten, var den viktigaste faktoren kor lenge han hadde røykt, viser studien.

Studien stadfesta elles at barn av mødrer som røykte under svangerskapet, hadde auka risiko for å få astma, men samtidig at det ikkje noko å seie om mor hadde røykt før. Det tyder på at røyking påverkar astmarisiko gjennom sædcellene til far, meiner forskarane.

Forskarane undersøkte òg om sveisearbeid blant fedrane før befruktinga påverka astmarisiko hos barna, og sveising følgde eit tilsvarande mønster som røyking. (©NPK)