I følgje avisa Møre er Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) meir enn sikker på at Ørsta blir føreslått samanslegen med Volda når Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal gi si tilråding førstkomande måndag.

- Eg er 110 prosent sikker på at han kjem med tilråding om samanslåing mellom Volda og Ørsta på pressekonferansen komande måndag. Om det skjer trur eg ikkje kommunestyret i Volda kjem til å gå imot det, men Hornindal må også vere med -og det kan bli verre, seier Amdam til avisa Møre.

I går kom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med si tilråding, der Hornindal-Volda var ein av fire kommunesamanslåingar Hamre velsignar.