Politiet har sikta ein mannleg MC-førar frå Sunnmøre for råkøyring gjennom Hornindal på kvelden 16. september. Politibetjent Eirik Krossen opplyser til Fjordingen at politiet kan dokumentere fart på minst 170 km/t gjennom Kvivstunnelen.

- Politiet oppdaga MC-føraren under ein fartskontroll i Kviven. Motorsykkelen auka farta betydeleg gjennom tunnelen og tok vidare av på fv 60 gjennom indre Hornindal. Politiet sine observasjonar og vitne fortel at motorsykkelen har hatt ekstrem høg fart. Særleg fv 60 har ein standard som ikkje er eigna for høg fart, seier Krossen.

MC-føraren som forsvann gjennom bygda er blitt observert av mange, og politibetjent Krossen seier at det er takka vere gode tips og publikum sine observasjonar, kombinert med taktisk etterforsking, som gjer at politiet har sikta ein person og teke frå han førarkortet.

- Har mannen erkjent forholda?

- Nei, det har han ikkje, seier Krossen.

Han opplyser at motorsyklisten vart observert i høg fart heilt til Stranda den aktuelle kvelden. Motorsyklisten køyrde gjennom Hornindal ved 20:15 tida på kvelden.

- Politiet etterforskar saka vidare, og vi er særs interesserte i tips dersom nokon har sett ein MC i høg fart langs heile den strekninga vi snakkar om, seier Krossen.