Om lag 200 små og store møtte fram til internasjonal matkveld og språkkafé i kantina på Stryn vidaregåande skule torsdag ettermiddag.

Her var det spennande matrettar frå blant anna Polen, Syria, Eritrea, Etiopia, Afghanistan, Sudan og Somalia. Og litt norske kaker. Ein felles møtestad, det sosiale og språk stod i fokus over eit felles måltid.

- Det var ein veldig hyggeleg kveld, og vi er godt fornøgde med oppmøtet, seier Marit Sandnes Skrede, dagleg leiar i Stryn Frivilligsentral, som var ein av mange som stod bak det store arrangementet. Ho synest det er positivt at fleire aktørar no bidreg økonomisk.

Arrangørane ser på denne kvelden som stor inspirasjon for språkkaféen utover hausten.

- Dette lovar godt for språkkaféen på biblioteket, som er den einaste felles møteplassen vi har for integrering i Stryn, seier Skrede. Fleire politikarar og tilsette frå kommuneadministrasjonen var også til stades og fekk ein smakfull middag på tallerkenen.

Les meir i tysdagsutgåva til Fjordingen.