Det vart eit heller dårleg punktum for Stryn i 3. divisjon. I årets siste seriekamp vart det til slutt 0-4 mot Spjelkavik. Allereie til pause var resultatet 0-3 til dei kvitkledde møringane.

Rett nok vart Spjelkavik nummer to i avdelinga med dette resultatet, men Stryn hadde ingen sjansar dei første 45 minuttane, og då gjestane sette inn 0-3 i det 39. minutt kom også frustrasjonen til spiss Mats Wie til uttrykk.

- Dette er komediekveld, sa Wie, også med eit ukvemsord innlemma i utblåsinga.

Spjelkavik sitt fjerde mål kom på straffe etter vel ti minutt spel av andre omgang.

Stryn kunne potensielt fått ein heiderleg sjetteplass med siger i serieavslutninga, men tapet førte dei heilt ned til ellevteplass. Før kampen var det allereie klart at Stryn blir å finne i den nye 4. divisjonen neste år.