Det er duka for siste serierunde, og med nedrykket til 4. divisjon, spelar Stryn sin førebels siste kamp i 3. divisjon laurdag. Motstandar er Spjelkavik som ligg som nummer to på tabellen.

Følg liveoppdateringar frå kampen her

Kjempar om 6. plass

Med siger i denne kampen kan Stryn ende sesongen som nummer seks, medan dei med tap kan risikere å hamne heilt nede på ellevte plass.

Til denne kampen er Justinas Busmic og Erling Tenden Myklebust utilgjengelege grunna karantene. Sander Amble Haugen og Emil Allesøe er derimot tilbake i kamptroppen melder Johann Sigurdsson.

Må ta omsyn til KM-finalen

– Kan det bli aktuelt å la spelarar som ikkje har spelt så mykje få prøve seg?

– Vi må ta omsyn til KM-finalen til Stryn 2 søndag når det gjeld laguttaket. Det blir difor ikkje store endringar frå sist kamp seier Johann Sigurdsson i ein kommentar til Fjordingen.