Det såg ei stund noko mørkt ut for Stryn sitt herrelag i handball då dei møtte BSI på heimebane. Omlag halvvegs i første omgang låg heimelaget under med seks mål.

Men laget synte vilje til å kjempe trass motgangen, og mykje takka vere Stryn sin nye spelar av året, Leon Pavlovic, klarte dei å snu kampen. Til pause var det uavgjort 15-15 og utover i andre omgang klarte stryneherrane å dra i frå med til slutt fire mål. Pavlovic stod åleine for 18 av Stryn sine mål og vart ikkje uventa kåra til laget sin beste spelar.

Stryn vann til slutt 34-30.