Stryn sine handballdamer i 2. divisjon opna lovande i heimeoppgjeret mot Stord laurdag. Lenge følgde dei tabelltoaren i den første omgangen, og sjølv om gjestane fekk sikra seg ei tre-målsleiing til pause levde absolutt håpet om poeng då andre omgang starta.

Men etter det svann håpet ganske fort blant publikum, og slik såg det også ut på spelarane. Gnisten forsvann i takt med måla som rann inn, og Stord sine jenter hadde ein relativt takknemleg jobb siste kvarteret av kampen. Det var få angrep som ikkje enda i scoring.

Då dommaren  bles stod det 12-32 på lystavla.