- Vi er no inne i ei tid der det er fare for pipebrann og vi vildifor minne om å fyre riktig for å unngå ein pipebrann og utrykking av brannvesenet, skriv vaktleiar ved Alarmsentralen, Espen A. Rysjedal, i ei pressemelding.

I natt måtte brannvesenet i Stryn rykke ut til ein pipebrann i sentrum.

- For å unngå pipebrann er det viktig åfyre med tørr ved og god trekk i eldstaden. Ved å fyre riktigdannar det seg mykje mindre beksot i pipeløpet og mulegheitene for å fåpipebrann blir vesentleg mindre. Pipebrann kan skje i det skjulte.Viss du høyre ei rumling frå pipa, ein annan lyd enn normalt når dufyre, då må du vere obs. Ein større pipebrann vil føre tilrøykutvikling, og flammar kan stå ut av pipa, seier Rysjedal.

Han skriv vidare at om du er i tvil nårfeiaren sist var på besøk og feia pipa, så ta kontakt med kommunen dinfor besøk til kontroll av pipe og eldstad.

- Visspipebrann skulle oppstå i din bustad er det viktig å stenge trekkenheilt, og varsle brannvesenet på tlf. 110. Når ein ringernaudetatane er dette det første operatøren må vite:

  • Kven ringer(namn og tlf nr til innringar)?

  • Kor er innringar (kommune, stad,gate, vegnummer eller gards og bruks nummer)?

  • Kva har skjedd (kortframstilling og ulykkestype).

Elles meiner Rysjedal dette også kan vere greitt å ta medseg:

* Er du forbipasserande og ikkje er kjent i området kan det veregreitt å ha lasta ned appen HJELP 113 GPS på førehand. Denne appengir deg kartkoordinatar, og naudetatane får eksakt posisjon på kvardu er.

* Er du på hytta og den ligg i eit stort hyttefelt eller i eitstort øyområde, så kan det vere lurt å skrive ut eigen naudplakat åhenge opp på ytterdøra, så er den til hjelp for forbipasserandeogså sjå nødplakat