I høve strategisamlinga denne hausten, inviterer Stiftelsen Jostedalsbreen Nasjonal-parksenter til ope kveldsseminar med idédugnad på nasjonalparksenteret i Oppstryn torsdag 27. oktober.

Styret og stiftarane skal ha strategisamling, og ønskjer i samband med dette, innspel til korleis nasjonalparksenteret bør utviklast vidare, kva senteret bør satse på og korleis ein kan nå desse måla.

- Vi ønskjer alle som har interesse for senteret hjarteleg velkomne, og oppfordrar alle med engasjement og synspunkt om å stille på denne kveldssamlinga, fortel Eli Folven, vikarierande dagleg leiar ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.