Ei opptrapping av streiken i El- og IT forbundet gjer at også straum-leverandørar i vårt område vert innlemma frå i dag av. Både tilsette i Stryn Energi og Tussa vil ikle seg streikevesten, og hos Stryn energi er det 13 tilsette som legg ned arbeidet i dag.

- Våre medlemmer vaktar straumnettet kvar dag, døgnet rundt, heile året. No vil arbeidsgjevarane ta bort mykje av kviletida etter vakt. Konsekvensane kan vere alvorlege for både kundane og oss, åtvarar David Alden som er lokal tillitsvald i El- og IT forbundet.

Vil ta vekk inntil ti kviledagar

Han forklarar at KS Bedrift ønskjer å redusere avspaseringsordninga for beredskapsvakter i energisektoren frå tre til to dagar. Det betyr at dei fleste, som har ti vakter i året på sju døgn i strekk, mister ti kviledagar på årsbasis.

- Etter sju døgn i strekk på jobb ønskjer vi å behalde tre kviledagar. Det tilsvarar det som tilsette i private energiselskap har hatt i tariffavtalen lenge. Fram til 2015 har arbeidsmiljølova sikra dei nødvendige kviledagane. No er den svekka, og sikrar berre to kviledagar. Difor trengs det tarif-festing, held Alden fram. Han peikar på meir ekstremvêr, større vaktområde og mindre bemanning per vakt som faktorar som gjer vaktene berre tøffare og tøffare.

- Heile samfunnet er avhengig av straum og forventa responstid er på null. Det er totalt urimeleg å ta kvilen frå vaktene, avsluttar Alden.

Beklagar streiken

Jan Træen, dagleg leiar i Stryn Energi, beklagar i eit lesarbrev i fredagens papirutgåve av Fjordingen det som no skjer.

- Vi orsakar på det sterkaste dei konsekvensane streiken måtte få for våre kundar.

Han forklarar at tariffavtala alltid har fylgt arbeidsmiljølova sin hovudregel om korleis beredskapsvakta skal kompenserast med omsyn til avspasering, men Stortinget har endra hovudregelen og bedriftene føl no opp denne endringa.

Dispensasjon når liv og helse på spel

- Arbeidstakarorganisasjonane ynskjer omkamp på lovendringa gjennom å tariff-feste den gamle hovudregelen. Stryn Energi AS er gjennom sitt medlemskap i KS Bedrift part i Energiavtale I og det er difor tilsette i vår bedrift er tekne ut i streik, skriv Træen.

Han ønskjer å avgrense følgjene av streiken mest muleg.

- Ved hendingar i nettet ved streik vil vi gjere vårt ytste for å avgrense verknadene for våre kundar. Der det er fare for liv og helse, også dyre-helse, og ved stor skade for 3. person, blir det søkt om dispensasjon frå partane i konflikten, slik at leveransen av straum kan halde fram. Andre konsekvensar vil vere at vi ikkje vil vere i stand til å gje våre kundar den service vi ynskjer frå selskapet medan streiken varer, skriv Træen.

Han påpeikar at Stryn Energi AS har utarbeidd eigen beredskapsplan for handtering av streikesituasjonar, og selskapet er budd på å kunne handtere ein streik i selskapet.