Etter eige ønskje sluttar Nils Are Karstad Lysø som leiar for Den Norske Opera & Ballett sommaren 2017,  opplyser styret for operaen. No vil han tilbake til næringslivet.

- Kva er årsaka til dette valet?

- Ingen enkeltstående grunnar, berre at når eg i sommar sat oppe påTonningsetra og tenkte over livet og framtida, kom til at eg allerhelst vil ha mitt daglige virke i næringslivet i åra framover. Det er dereg har min bakgrunn i over 20 år før eg kom til Operaen.

- Har du konkrete jobbtilbod du vurderer?

- Ingenkonkrete tilbod enno, seier Nils Are Karstad Lysø til Fjordingen.

Stryningen, som har bakgrunn frå tett samarbeid med Kjell-Inge Røkke i Aker-konsernet og som administrerande direktør for Moods of Norway, vart utnemnd som administrerande direktør for Den Norske Opera & Ballett i mars 2014.

For to månadar sidan orienterte han styret for operaen om at han sluttar til sommaren.

– Styret beklagar at Lysø seier opp. Vi er glade for at han kom tidleg til oss med denne beslutninga, seier styreleiarAnne Carine Tanum.

Ansatte i Den Norske Opera & Ballett vart informerte i dag.

Nils Are Karstad Lysø seier i pressdemeldinga at han har brukt sommareen til å vurdereden yrkesmessige framtida si, og at dette er bakgrunnen for at han no vel å slutte. Han understrekar at han er takknemleg over å ha fått jobba med så mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og at han er veldig glad i operahuset i Bjørvika.

- Valet mitt handlar om kva eg ønskjer å jobbe med framover. Eg har kome fram til at eg vil tilbake til næringslivet, der eg har bagrunnen min, seier Lysø.

– Lysø har håndtert deiutfordringane institusjonen står overfor på ein meget god måte. Hanog styret har samarbeidd svært godt, seier Anne Carine Tanum.

Dei tilsette i Moods of Norway fekk Ballerinakjeks til trøyst då Nils-Are Karstad Lysø sa opp jobben som administrerande direktør for å bli sjef for Den norske opera og ballett. Kva dei tilsette i operaen har det hittil ikkje vore sagt noko om.