Ola Steinar Hestenes har søkt Stryn kommune om tilskot frå det lokale viltfondet til oppsetting av viltgjerde på eigendomen sin i Utvik. Etter at Hestenes vart med i plommeprosjektet i Nordfjord i 2007 ynskjer han å gjerde inne eit 17 dekar stort areal som er tilplanta med plommer.

- I aukande grad er det oppstått skadebeiting av hjort på plommetrærne, med produksjonstap som følgje, går det fram frå saksframlegget frå Stryn kommune.

Dette skal vere sjuande gong det har blitt søkt om tilskot frå viltfondet for å setje opp gjerde for å hindre hjorteskade. Seks av søknadane var for å beskytte mot skade på bær og fruktareal.

- Felles for alle søknadane er at viltfondet ikkje har dekka kostnader med gjerdearbeid, men deler av eller heile kostnaden med gjerdematerialet, heiter det i saksframlegget.

Hestenes har fått kostnadsrekna oppsetting av viltgjerde rundt plommefeltet med permanent nettinggjerde i to meters høgde. Samla materialkostnader er berekna til 43 000,-, og arbeidskostnadane til 60 000,-.

Søknaden vurderast mellom anna av føreskrift om kommunale viltfond som mellom anna seier "fondet kan nyttast til tiltak for å forebygge skader på landbruksnæring voldt av hjortevilt".

- Ola Steinar Hestenes sin søknad tilfredsstiller heilt klart føresetnadane for å kunne få tildelt viltfondsmidler til gjerdeprosjektet sitt vurdert mot §5 i nasjonal forskrift, heiter det mellom anna i vurderinga frå saksbehandlar Odd Rønningen.

Rådmannen tilrår at Stryn kommune gjev tilsagn om kr 30 000,- frå det lokale viltfondet til oppsetting av permanent gjerde på eigedomen. Midlane vert utbetalt etter dokumentert innkjøp av alt gjerdematerialet og etter at gjerdearbeidet er igangsatt. Tildelinga er betinga av at:

- Gjerdeprosjektet vert utført med høgde meir enn 2 m der nettinggjerde skal setjast opp.

- Flyttbart elektrisk gjerde må fungere.

- Gjerde vert etablert rundt heile plommearealet slik det framstår i dag.

- Gjerde vert vedlikehalde.

Saka skal opp i Stryn formannskap torsdag.