(NPK-NTB): Polaris Media fekk eit resultat før skatt på 27 millionar kroner i tredje kvartal, eitt fall på 8 millionar kroner frå same kvartal året før.

Aviskonsernet har vekst i både brukarinntekter og trykkjeriinntekter, men annonseutviklinga blir skildra som krevjande. Dei samla annonseinntektene har fall med 20 prosent i tredje kvartal til 138 millionar kroner.

Annonseinntektene blir flytta over til programmatisk kjøp, sosiale medium og søk som gir ein brei nedgang i alle kanalar og kategoriar for mediehusa i Polaris Media. Utfordringane er størst for dei største mediehusa Adresseavisen og Sunnmørsposten. Mediehusa har likevel sterk vekst i programmatisk annonsesal, men frå eit lågt nivå.

Kostnadene er redusert med 20 millionar kroner i kvartalet, men det kompenserer ikkje fullt ut for inntektsnedgangen.Konsernet varsla tidlegare i år at dei skal setje i verk resultatforbedrende tiltak i størrelse 300 millionar kroner innan 2020, nesten halvparten av dette skal få effekt allereie neste år.Ein stor del av resultatforbetringane vil skje i form av nedbemanning. Dei tilsette har fått eit tilbod med frist til 1. november for å løyse nedbemanninga frivillig for 2017.Polaris Media kallar seg det leiande mediekonsernet frå Nordfjord til Finnmark. I alt 35 mediehus inngår i konsernet, blant dei Adresseavisen og Sunnmørsposten.

Fjordingen er ein del av konsernet Polaris.

Fakta om Polaris Medias kvartalsresultat:

Nøkkeltal frå Polaris Medias resultatrekneskap for tredje kvartal 2016.

Tal frå tredje kvartal 2015 i parentes:* Driftsinntekter: 351 millionar kroner (379 millionar kroner)* Driftsresultat: 25 millionar kroner (33 millionar kroner)* Resultat før skatt: 27 millionar kroner (35 millionar kroner)

(©NPK)