Møteulukka på fv 60 ved Rake fredag ettermiddag fekk eit tragisk utfall. Politiet melder fredag kveld at føraren av personbilen, ein mann i 30-åra, omkom i ulukka. Mannen som er busett på Sunnmøre var åleine i bilen. Namnet til den omkomne er enno ikkje frigittt.

Fjordingen får opplyst frå politiet at mannen vart erklært død på staden.

Også føraren av lastebilen var åleine i bilen. Han er fysisk uskadd etter fronkollisjonen.

Politiet opplyser at det var glatt og snødde på staden der ulukka skjedde, i ein sving på fv 60 mellom Stryn og Loen.

Ulukkesanalysegruppa til Statens vegvesen har vore på ulukkesstaden og gjort undersøkingar. Politiet har gjennomført avhøyr og sak er oppretta, opplyser Fjordane politidistrikt.