Dei aller første snøfnugga denne vinteren har landa i låglandet i indre Nordfjord.

Fredag 11. november ligg det eit tynt teppe av snø i bygdene. I fjor melde Kong Vinter sin anmarsj noko seinare, nærare bestemt 21. november.

I følgje meterologane blir det lett snøver utover dagen, før mildver og regn tar over neste veke.

Fjordingen oppfordrar lesarane til å sende inn vinterlege lesarbilde frå bygdene i Stryn og Hornindal kommune.

Send til: 40402140 eller redaksjon@fjordingen.no