Ein lastebil og ein personbil har kollidert på fv 60 ved Rake, mellom Stryn og Loen. Ein person var fastklemd, men vart henta ut av bilvraket og sendt til sjukehus.

Politiet opplyser at personen, som var åleine i bilen, er alvorleg skadd. Føraren av lastebilen skal ikkje vere fysisk skadd, får Fjordingen opplyst på skadestaden.

Politiet fekk melding om ulukka kl. 14. Alle redningsetatar og ambulansehelikopter var raskt på plass. Vegen ville bli stengt i to til tre timar, opplyste fagleiar i Stryn brannvesen på staden, Anders Maurset til Fjordingen.

Det vart etterkvart lange køar på staden. Vegen vart attopna med manuell dirigering rundt kl. 18.

Få minutt etter denne ulukkesmeldinga vart det meldt om møteulukke mellom to bilar på E39/rv 15 Skredestranda.