Komande søndag held Øivind "Elg" Elgenes (58) med band førjulskonsert i Stryn kulturhus. Han har vore i Stryn før, Elg, kjend frå det norske bandet "Dance with a Stranger".

- Å ja, eg har vore masse i Stryn, herlighet! Det har eg, men ikkje spør om når og kor. Eg har vore musikar i omlag 40 år, så eg har vore overalt, seier Elgenes til Fjordingen.

- Eg har både spelt i Stryn og køyrd igjennom Stryn. Men vi gler oss til å spele der igjen, vi gler oss veldig, seier han.

Med tittelen "Jul hos aille no" er Elg på juleturne med eit kritikarrost konsertkonsept. Etter utselde konsertar i Nordlandet kirke i Kristiansund fleire år på rad, ønskjer Elg med denne turneen å ta konsertkonseptet sitt ut av heimbyen og Nordmøre.

Elgenes har med seg fullt band med musikarar frå Kristiansund, eller "kortreiste kvalitetsmusikarar" som han omtalar dei som.

På spørsmål om kva ein kan forvente seg av konserten i Stryn er han imidlertid klokkeklar;

Rutinert "Elg", som har vore musikar i omlag 40 år, lovar ein annleis julekonsert søndag. Foto: Pressefoto

- Ein kan forvente seg ein annleis, meditativ julekonsert. Reportuaret går frå juleklassikarar frå både Disney og amerikansk jazz til folkemusikk og Alf Prøysen. Eg har også med ein del av mine eigne songar. Vi håpar å kunne skape litt ekstra julefred hos publikum, seier "Elg".

Konserten i Stryn skil seg ut på turneen då alle dei andre blir spelt i kyrkjer. Elg fortel at det ligg ei historie bak konsertkonseptet "Jul hos aille no".

- Det er tilbake til då eg var rundt 12 - 15 år gamal. Vi var ein gjeng som hang bak Nordlandet kyrkje i Kristiansund. Der spelte vi gitar og smugrøyka. Etterkvart fekk vi spele innandørs og hadde mykje moro med dette. For meg er juleturneen ein slags payback til kyrkja, fortel Elg.

Søndag går han på scena i Stryn kulturhus.