- Med Zoo-1 representerar vi eit heilt nytt tilbod i Stryn. Før måtte ein til Eid eller til Ulsteinvik for å få tak i det vi kan tilby, seier dagleg leiar Joar Strand og medeigarane Odd Jarle Kvamme og Eva C. Asbjørnsen.

Fredag opna dei dørene i Stryn Torg. Varesortimentet består av alt frå dyrefôr, dyreleiker, bur og tilbehøyr til akvariefisk, hamsterar og papegøyer.

Butikksjef - Vi har eit svært stort utval av dyrefôr, seier butikksjef Tomas Håndlykken Foto: Roger Oldeide

- Vi kan også skaffe diverse dyr på bestilling. Vi er rett og slett ein komplett dyrebutikk, seier butikksjef Tomas Håndlykken.

- Butikken har også eit godt utval av borneleiker. Vi prøver å ha fleire bein å stå på, seier Strand.

Han seier dei har lenge har planlagt å opne butikk i Stryn og er glade for å kunne opne før jul.

- No håpar vi berre at Stryn tek godt imot oss. Målsettinga vår i første omgang er at det skal gå rundt økonomisk, seier Strand.

Senterleiar Victoria Øvstetun, meinar ein dyrebutikk passar godt inn i rekkja av butikkar i kjøpesenteret.

Har opna - Eg tykkjer ein dyrebutikk er ypperleg for vår miks av butikkar, seier senterleiar for Stryn Torg, Victoria Øvstetun. Her med dagleg leiar for Zoo-1 i Stryn, Joar Strand.

- Det er heilt supert at Zoo-1 no er på plass. Eg tykkjer ein dyrebutikk er ypperleg for vår miks av butikkar, konkluderar Øvstetun.

Zoo-1 skriv på sine eigne heimesider at dei er ein frivillig faghandelkjede for zoo- og dyrebutikkar over heile landet.

Butikken i Stryn er opplyst til å vere Zoo-1 kjeda sin butikk nummer 47 i Norge.