Skianlegget både i Stryn og i Hornindal kunne sesongopne denne helga. Nokon reiste imidlertid lenger enn andre for å spenne på seg skia. Ein kameratgjeng tok turen heilt frå Bergen til Hornindal i eins ærend for å boltre seg i bakken.

- Helga var allereie prikka inn, så vi sjekka ut kor dei beste snøforholda var på Vestlandet. Det var i Hornindal, difor dro vi dit, fortel Jørgen Johansson som aldri hadde vore i Hornindal tidlegare.

Dei tre skiglade kameratane reiste dei snaut seks timane frå Bergen til skianlegget i ein såkalla multivan med dobbeltsenger.

- Vi vart veldig positivt overraska over anlegget. Det var veldig gode snøforhold og flott terreng. Det var vel verdt turen frå Bergen så vi kjem veldig gjerne tilbake, seier Johansson.

Driftsleiar ved Hornindal skisenter kan bekrefte at forholda er gode i anlegget.

- Det har vore rikeleg med både snø og med folk laurdag. Det har vore godt tilsig av folk også søndag, seier Amund Sverre Tomasgard.

Han opplyser også at sesongopning av skisenteret aldri har vore tidlegare enn i år.