3. divisjon.

Det var duka for toppoppgjer i Strynehallen laurdag då Stryn tok imot Viking 2 frå Bergen.

Bergenslaget lå på 4. plass, to poeng bak Stryn på andreplass før oppgjeret.

Det vart aldri spanande ettersom heimelaget briljerte og vann meir enn komfortabelt 33 - 23.

Storspelte Julian Hove hadde 10 nettkjenningar laurdag. Han vart og kåra til banens beste. Foto: Roger Oldeide

Stryn har no ein reell sjanse til å rykke opp ein divisjon, om dei ønskja det.

- I januar må vi bestemme oss om det er aktuelt for oss med opprykk eller ikkje, men akkurat no gledar vi oss over det vi har fått til til no, seier lagleiar Johnny Hove.

Les meir om denne kampen og om vegen vidare i tysdagsavisa