Parkeringsplassen ved Stryn Vinterski var tilnæra full i høve sesongopninga av skianlegget laurdag.

- Det var godt å kome seg ut i bakken. Det er første gong med ski på beina i år, seier Arne Reme som var i skitrekket saman med dottra Tirill (4) Hundrevis kom seg ut i skianlegget i Stryn i helga.

Folkerikt Det var rikeleg med folk i bakken i høve sesongopninga av Stryn Vinterski i helga. Foto: Roger Oldeide

- Ettersom det var gratis for folk å nytte bakken denne helga har vi ikkje tal på kor mange som har vore her. Minst eit par hundre mennesker har vore her til no, sa leiar ved Stryn Vinterski AS, Frode Briksdal laurdag ettermiddag.

- Vi er heldige at vår herre har skjenka oss litt av det kvite gullet allereie no. I fjor mista vi romjula grunna snømangel. Som skianlegg er vi sårbare for slikt, seier Briksdal.

Han legg ikkje skjul på at Stryn Vinterski AS er i ein økonomisk krevjande situasjon som er avhengig av ein god sesong.

Håpar på stabilt klima Driftssjef Rolf Olav Flo og leiar av Stryn Vinterski AS, Frode Briksdal håpar på ein stabil sesong ved Stryn Vinterski. Foto: Roger Oldeide

- Vi er svært pressa økonomisk, så vi må vere veldig forsiktig med kva vi påfører oss av kostnadar. Ein stabil og god sesong kan betre situsjonen vår betrakteleg, seier Briksdal.

Også skisenteret i Hornindal hadde sesongopning i helga.