Ein stryning i 20-åra er dømd til 15 dagar betinga fengsel etter å ha køyrd i 90 km/t i ei 50-sone. Mannen vart teken for fartsoverskriding i oktober i år og har innrømt forholda. Difor er saka allereie avgjort i form av tilståingsdom.

I dommen skriv Fjordane tingrett at fartsoverskridinga skjedde på kveldstid i nærleiken av blant anna ein skule. Retten karakteriserer fartsoverskridinga som alvorleg. I tillegg til fengselsstraff på vilkår, som betyr at mannen slepp å sone dersom han ikkje gjer seg skuld i nye straffbare handlingar dei neste to åra, må han betale 9.000 kroner i bot. Førarkortet er inndrege i ni månader og mannen må ta ny delvis førarprøve for å få førarkortet tilbake.