– Dagens system for opplæring i skulen og deltaking i skulegudstenester ligg fast, seier statsminister Erna Solberg (H) etter at Human-Etisk Forbund bad om ei avklaring.

Human-Etisk Forbund (HEF) bad i slutten av november statsministeren avklare om det skal vere forskjell på religionsutøving og religionsundervisning i skulen. HEF ønskte også avklaring av om det skal vere aktiv påmelding til skulegudstenester, som Utdanningsdirektoratet har anbefalt.Vårt Land skriv onsdag at Solberg no har svart i brevs form, og at ho skriv at dagens system for opplæring i skulen og deltaking i skulegudstenester ligg fast.Ho understrekar samtidig at det skal vere frivillig for elevar å delta på ei julegudsteneste. Om skular deltek i gudstenester eller ikkje er ikkje noko som skal detaljstyrast frå staten, meiner Solberg.– Det bør vere opp til kvar skule korleis ein ønskjer å gjere dette, så lenge ein ikkje pålegg elevar å delta. Eg har tillit til at skulen og dei tilsette der klarer å vareta sitt ansvar og oppgåva deira med å sikre alle elevane ei god og inkluderande opplæring, skriv ho.

(©NPK)