115 julekalender-sjåarar sende inn svar då Gudvald spurde om kva hattefòk betyr i luke sju av dialekt-julekalenderen.

Reidar Hole frå Fosnavåg visste til liks med mange andre at dette er eit uttrykk for full fart. Han var den heldige uttrekte og kan vente seg Flax-lodd i posten. Vi gratulerer og takkar for dei 114 andre svara!

Svarfristen

Gudvald minner om at det vert sett strek for innsending av svar ved midnatt. Trekking skjer på morgonkvisten og offentleggjering rundt lunsjtide.

Oversikt løysingar Gudvalds Julekalender:

1. desember: krilkje betyr irritert i halsen. Vinnar av Flaxlodd: Marita Guddal, Stryn.

2. desember: mennjane betyr morgonane. Vinnar av Flaxlodd: Merete Fredlund, Stryn.

3. desember: slepreneve betyr ein som mister alt. Vinnar av Flaxlodd: Britt Sandvik, Tynset.

4. desember: glennje betyr lysning i skogen. Vinnar av Flaxlodd: Else Dispen, Robjørgane (Stryn).

5. desember: førkje betyr småjente. Vinnar av Flax-lodd: Malin Lee, Stryn.

6. desember: gløse betyr myse med augene. Vinnar av Flax-lodd: Arve Fure, Stavanger.

7. desember: hattefòk betyr full fart. Vinnar av Flax-lodd: Reidar Hole, Fosnavåg.