Politiet melder om at ein båt er i drift på Hornindalsvatnet. Båten skal drive i retning Kjøs bru.

I følgje politiet har dei fått opplysningar om at båten er grøn og kvit, muleg ein Saga. - Ein annan tipsar melder at båten er kvit med oransje striper. Eigar vert beden om å melde seg, seier politiet.