Det vart 21. plass på Anders Fannemel i det første rennet etter at han reiste heim for å trene og finne tilbake til godkjensla i bakken. Med gamletrenar Stig Seljeset og fleire andre frå fanklubben på plass på tribuna landa honndølen på 127 og 123,5 m.

- Mykje positivt. Det er små nyansar det er snakk om. Dette er veldig nær, sa NRK sin ekspertkommentator Anders Jacobsen etter andrehoppet.

Rennet vart vunne av hoppsportens nye wonderboy Domen Prevc som avslutta rennet med eit kjempehopp på 141,5 m etter å ha leia rennet etter 1. omgang.