Stryn symjehall inviterer alle til å gjere seg klare til symjekampanjen Svøm langt frå 1. januar til 31. mars 2017. I år lokkar arrangørane med reisepremie til Kroatia.

Norges Svømmeforbund har sidan 1997 organisert ”Svøm langt- kampanjen”. Ein årleg mosjonskampanje retta mot å synleggjere og styrke svømming som trenings- og mosjonsaktivitet.

«Svøm langt» er blitt ein av dei største mosjonskampanjane i landet, med mål om over 20. 000 deltakarar i 2017 som sym i over 250 svømmehallar spredt over hele landet.

Kampanjen går i perioden 1. januar til 31. mars,  og i år heiter den Svøm deg til Kroatia. Føremålet å skape gode mosjonsvanar ved å motivere folk til å bruke symjehallen som arena for fysisk aktivitet.

Målet er at flest muleg vaksne sym 10.000 meter, og flest muleg barn (til og med 13 år) sym 2.500 meter i kampanjeperioden. Det er egne mål for funksjonshemma, heiter det i ei pressemelding frå svømmeforbundet.

- Alle kan delta, uansett alder og funksjonsnivå, seier kulturhusleiar Kari-Ann Kaspersen og oppfordrar flest muleg om å bli med over nyttår.