- Hovudsakleg som konsekvens av at Rema 1000 ikkje lenger vil selge Olden. Det seier Anette Karlsen, kommunikasjonsansvarleg i Hansa Borg Bryggerier, som eig Olden Brevatn AS.

- Vårt Olden-sal hadde mindre tilgjengelegheit i Rema sine butikkar allereie i fjor. Dette var nok starten på Rema sin «besteven-strategi».

Frå veke åtte i år vil ikkje Olden få levere noko til Rema 1000, heller ikkje til forretninga i Stryn eller elles i Sogn og Fjordane. Dette får konsekvensar får kollegaene våre ved tapperiet i Olden. Dei er no 50 prosent permitterte, seier Karlsen.

Ho opplyser at 25 prosent av Olden sitt totale sal til daglegvareforretningar går til Rema.

- Difor smertar bortfallet mykje, seier Karlsen. Som legg til at Olden Brevatn reduserte produksjonen sin frå 11 til 8 millionar liter frå 2015 til 2016. Med full stopp i levering til Rema 1000 frå veke åtte, ventar ho ytterlegare nedgang i 2017.

- Med mindre vi klarer å flytte produkta over til dei andre daglegvarekjedene. Slik situasjonen ser ut no, kan det spøke for heilårsproduksjon ved Olden Brevatn, seier Karlsen.

Rune Rustøen, fabrikksjef ved Olden Brevatn, seier til Fjordingen at Olden Brevatn no produserer berre annakvar veke.

- Det er sjølvsagt ei dårleg og beklageleg løysing, men det er meir effektivt å gjere det slik enn å køyre halv dag eller halv veke, seier han.