Norges Automobilforbund, NAF, er opptekne av at folk i distrikta ikkje må vere redde for å køyre dieselbilar, med alt fokuset som no er på dieselforbod i Oslo og restriksjonar i andre storbyar.

Dieselbil best på bygda

– Dette er eit storbyproblem, og ein må ikkje selge dieselbilen sin om ein ikkje køyrer til ein av storbyane dagleg. Faktisk er diesel betre enn bensin på bygda, seier Inger Elisabeth Sagedal, i ei pressemelding.

NAF hevdar dei har fått mange henvendelsar frå urolege medlemmar frå heile landet dei siste dagane. Dei lurer på om dei no må selge dieselbilen sin.

NOx versus CO₂

– Frykta er at det å ha dieselbil vil bli problematisk, og uroa er stor for at prisen dei vil få dersom dei sel bilen vil vere dårleg, seier Sagedal.

Dieselbilar slepp ut meir nitrogenoksid (NOx) enn bensinbilar. Høge konsentrasjonar av NOx skapar dårleg luftkvalitet i byane, og kan føre til helseplagar. Bensinbilar har derimot i snitt eit høgare utslepp av klimagassen CO₂.  Det er denne skilnaden mellom klimautslepp (CO2) og lokale utslepp (NOx) som er vanskeleg å forstå, skriv NAF vidare i si pressemelding.

- Behald dieselbilen

– Mange trur at dieselbil er stempla som versting på alt, men vi bur i eit land med store skilnader mellom by og distrikt. Det som er eit problem i Oslo og Bergen, er ikkje nødvendigvis eit problem i resten av landet. Det gjeld også drivstoff- og bilvalg, seier Inger Elisabeth Sagedal.

Difor rår NAF dieselbileigarar som bur på  stadar der det er nødvendig å køyre lengre distanser i kvardagen, til å behalde dieselbilen.