Komande sommar kan elevar sjå fram til ekstra lang ferie.

Siste skuledag blir fredag 16. juni. Deretter følgjer ni veker med sommarferie. I år er det litt sein skulestart med måndag 21. august som første skuledag i nytt skuleår. Den totale summen av skuledagar er som før med 190 dagar. Siste skuledag i 2018 blir fredag 22. juni.

Skuleruta for elevane i Sogn og Fjordane for 2017-2018 vart vedteke av skule- og barnehageutvalet i Sogn og Fjordane i august i fjor.