Anders Fannemel enda på 30. plass og sist i finaleomgangen i verdscuprennet i hopp i Zakopane søndag. Etter første omgang var honndølen nummer 24 med eit hopp på 125,5 meter. Men i andre omgang enda han langt bak med berre 115 meter, og samanlagt 240,1 poeng.

- Han slit med timinga i satsbevegelsen sin. Eg håpar han finn ut av det, sa Anders Jakobsen på NRK.

Vinnar vart polske Kamil Stoch med totalt 287,4 poeng.