Jølster-ordførar Oddmund Klakegg er på nytt ute og snakkar ned rassikring av rv 15 Strynefjellsvegen. I Firda i dag er Klakegg kritisk til at avgjerda om ny stamveg mellom Austlandet og Vestlandet let vente på seg. I denne saka gjentek han tidlegare uttaler om at opprusting av Strynefjellsvegen meir eller mindre er vekkasta pengar, dersom regjeringa landar på Hemsedalsfjellet som ny stamveg.

Til Firda seier Klakegg dette:

Blir stamvegen lagt over Hemsedal, blir reisetida mellom Ålesund og Oslo redusert med to timar og 29 minutt. Då er det liten tvil om at trafikken vil gå den vegen, og kvifor skal ein då bruke milliardar på å ruste opp Strynefjellsvegen, ein veg som knapt blir brukt viss Hemsedal bli ny stamveg…

Klakegg legg heller ikkje skjul på at han ser Jølster og Skei som ein stor vinnar dersom Hemsedal vert valt som stamveg.

– Skei blir kanskje det viktigaste vegkrysset mellom Bergen og Ålesund. Dessutan ligg Skei midt mellom Ålesund og Bergen og vil også bli ein viktig stoppestad for Oslo-trafikken. Og med det trafikkmønsteret fagetaten ønsker, ligg Skei midt i smørauget for stoppeplassar og omlasting. Også i eit slikt bilde er det viktig å stå på og jobbe for gode løysingar både for vegfarande og fastbuande, seier Klakegg.

Uttalene frå Jølster-ordføraren får ordførarane både i Stryn og Hornindal til å reagere skarpt.

Hornindals-ordførar Stig Olav Lødemel seier følgjande:

- Det er trasig og øydeleggande at Klakegg atter ein gong brukar energi på å snakke ned rassikring av Strynefjellet med arm til Geiranger, til fordel for rv 52 over Hemsedal. Men noko stor overrasking er det dessverre ikkje. Det byggjer såleis oppunder mitt syn om at vi må nordover for å hente støtte til viktige samferdsleprosjekt i Nordfjord. At Klakegg så til dei grader tek sunnmøringane til inntekt for sitt prosjekt, strir mot dei signala vi får frå Møre og Romsdal. Næringslivet på Sunnmøre har fleire gonger understreka at det er E 136 Romsdalen og Rv15 Strynefjellet som er dei viktigaste transportårene inn mot E6 og reisemåla som i hovudsak er nordaust om Oslo, seier Lødemel.

Sven Flo, ordførar i Stryn tek skarp avstand frå Jølster-ordførar Klakegg.

- Eg les med stor undring i Firda at Jølsterordføraren er ute med sine populistiske uttalelser igjen ift rassikringsprosjektet rv 15 Strynefjellet med arm til Geiranger. Dette er ikkje noko nytt. Men eg forventar som eit minstemål av ein seriøs ordførar at han snakkar sant. Heldigvis er det relativt mange som gjennomskuer dette lite gjennomtenkte utspelet. Heldigvis har vi ein statsråd som forstår viktigheten av rassikring av Strynefjellet, med fokus på å opne Geiranger for heilårstrafikk. Dette er Vestlandets og nasjonen Norge sitt fremste salsprospekt inn i framtida. Satsing på trygge vegar for næringslivet, våre bedrifter og våre sjåførar som har vegen som sin arbeidsplass. Fokus på grøn transport med kobling mellom kyst og jernbane. God tilkomst til oppgradert E6. Og ikkje minst gode tilførselsveger for framtidas næring innan turisme- og opplevelsesbasert verksemd.  Det er vel ein grunn til at Strynefjellet ein gong i tida blei bygd. Og som også er eit godt alternativ heilt til Klakegg sitt rike (Jølster) for å kome seg austover. Dette i tråd med ein av transportøkonomisk institutt (tøi) sine rapportar. Splitt og hersk i eige fylke er tydelegvis Klakegg sin oppskrift på å mis(lukkast), seier Flo.