I fjor kom det over tusen søknader på Framtidsfylket sine traineestillingar. Gro Rukan ventar minst like mange i år.

- Vi har aldri før lyst ut fleire traineestillingar. I år er det 25 spennande stillingar i 21 ulike bedrifter, og fagområda spenner frå arkitektur og kommunikasjon til forretningsutvikling og elkraft, seier Rukan i ei pressmelding frå Framtidsfylket.

Åtte nye traineebedrifter

Framtidsfylket Trainee går no inn i sitt 14 år, og 150 traineear har vore gjennom programmet.  Blant årets 21 bedrifter som lyser ut stilling, har åtte av dei aldri hatt trainee før. Aaland arkitektkontor, Fram Flora, Førde sementvare, iVest Consult, Åsen og Øvrelid, Airlift, Sødermann, Mediebruket er nykommarar på bedriftssida.

- Traineeordninga er ein unik inngangsport til arbeidslivet, og difor svært attraktivt for nyutdanna. Dei kjem inn i eit program med ei skreddarsydd stilling, og dei får eit nettverk frå dag 1. Den kollektive marknadsføringa og merksemda ein får av å lyse ut så mange stillingar samtidig, gjer at bedriftene får søkjarar som normalt ikkje ville oppdage deira stillingsutlysingar. Det er ein klar fordel, seier Rukan i pressemeldinga.

Snart karrieremesser

Denne veka går startskotet for årets karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen. Rukan understrekar at karrieremessene er ein ideell arena for nyutdanna  å møte traineebedriftene. 7 av årets 22 traineear møtte dei framtidige arbeidsgjevarane sine nettopp på messene.  Søknadsfrist for årets traineestillingar er 1. mars.