- Stryn står ovenfor eit val og då er det viktig at Stryn veit at Møre og Romsdal vil ha kommunen med i same region, seier fylkesleiar i Frp og politikar i Stranda kommune, Frank Sve.

Han kontaktar sjølv Fjordingen med sin appell til grannen etter at stryneordførar Sven Flo uttalte at regionreforma skal drøftast under formannskapet onsdag med utgangspunkt i at Sogn og Fjordane skal vere samla.

- Etter mitt syn kjem Stryn dårlig ut av å vere ein del av Vestlandsregionen. Det er naturleg at Stryn blir ein del av Møre og Romsdal. Då meiner eg Stryn kommune og ikkje som ein del av resten av Nordfjord, seier Sve.

- Kvifor?

- Fordi Stryn kjem dårlig ut av det som er viktig for Stryn, nemlig skule, reiseliv og samferdsel. Med dei tette banda som er mellom Sunnmøre og Stryn er det berre naturleg at dei to deler region, seier Sve.

Sve samanliknar Stryn med Rindal nord i Møre og Romsdal som har valt å gå over den tenkte regiongrensa til Trøndelag.

- Når Rindal får gå nordover til Trøndelag, får Stryn gå nordover inn i Møre og Romsdal. Dette er Stryn sitt val, men eg vil be om at Stryn må tenkje seg om og vurdere nord på nytt om dei har gløymt det, seier Sve.

Sve, som er tidlegare ordførar i Stranda, seier at han ser for seg at Stranda og Stryn slår seg saman. Han trur desse to kommunene ville danne ei svært attraktiv kommune, spesielt i forhold til reiseliv.

- Geiranger, Stryn, gondolbane i Loen, Stranda skisenter for å nemne noko. Dette er alle sterke merkevarer som saman ville danne eit enormt sterkt tilbod. Ei fantastisk kommune i forhold til reiseliv, men også skule og handel, seier Sve.

Han er imidlertid klokkeklar på at Stryn og Stranda saman ikkje kunne bli ein del av Vestlandsregionen.

- Det er null sjanse for det, med to strekar under svaret, seier han.

Fjordingen ga sitjande ordførar i Stranda høve til å kommentere Sve sitt utspel.

- Denne konstellasjonen har vi hatt oppe tidlegare og då har Frank Sve vore ivrig på å banke dette alternativet ned. Om han no har snudd så føyer utspelet seg berre inn i rekkja av uforutsigbare kommentarar, seier ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp)

Han støttar likevel det Sve seier.

- Strynealternativet er framleis aktuelt, så er eg stiller meg bak det Sve seier her. Denne konstellasjonen ville gjort kommunen til ei av landet sine største kommunar, seier Tryggestad.

Han peikar på at folket i Stranda har sagt nei til samanslåing med Sykkylven.

- Korleis dei eventuelt ville stille seg til Stryn veit vi ikkje. Først må vi sjå korleis det vil gå med regiongrensene, men om det blir aktuelt så tek eg gjerne oppatt hansken med Stryn og Sven Flo, seier Tryggestad.