Sidan 2006 har Stryn kommune direktesendt sine kommunestyremøter frå kommunen si heimeside. Innbyggjarane har kunne sjå møta direkte, og det har vore høve til å kunne sjå videoopptak av handsaming av den einskilde sak i etterkant.

Utstyret for direktesendingane skal vere forelda og det vurderast no nytt utstyr til 180.000 kroner. Årsaka er at kommunen i fjor tok i bruk eit nytt sakshandsamarsystem (WebSak Fokus 7)Dette systemet let seg ikkje integrere med videoløysingsystemet.

Dette er også årsaka til at det siste kommunestyremøtet før nyttår ikkje vart direktesendt.

- Fram til no har ein brukt 1 stk kamera til filming av møta. Det har vore personell tilstade på møte som har styrt kameraposisjonar og ført logg for å legge til rette for publisering av film pr. sak i etterkant. Etterarbeidet har vore tidkrevjande og det har vore trong for spesiell kompetanse, skriv rådmannen som meiner det nye systemet, kalla Kommune-TV, er enklere og betre på alle måtar.

- Det nye systemet nyttar fastmonterte kamera, truleg 2 - 3 stykker (Talarstol+podie) evt heile kommunestyresalen. Alle kamera filmar samtidig. Dei som ser på sendinga/opptaket kan velje kva kameraposisjon dei vil sjå. Mulig med kopling mellom videoutstyr/prosjektor slik at presentasjonar kan sendast direkte og med god kvalitet. Integrasjon mellom saklista og film skjer på ein enkel måte utan mykje etterarbeid, heiter det frå saksframlegget der rådmannen har vurdert saka slik:

- Fleire nordfjordkommunar går i drift med denne løysinga i nær framtid. Gloppen har også teke i bruk løysinga. Vågsøy sender sitt første kommunestyremøte med denne løysinga 9. februar. Eid kommune har fatta vedtak om å starte med direktesending/innkjøp av utstyr. I forhold til val av, support og teknisk utstyr, er det ein fordel at kommunane i nordfjord, nyttar einsarta løysingar, skriv rådmannen. Ho legg til at kommunane betaler for kor mange som ser på sendingane direkte, og i opptak. Kostnadane for lagring og trafikk, aukar altså med sjåartalet. Rådmannen tilråder å vente til mars då Avetia Kommune TV lanserar ny versjon av dette systemet.

- Montering av utstyr kan starte umiddelbart ettter levering, skriv rådmannen som har følgande framlegg til vedtak.

- Stryn kommune held fram med direktesending av kommunestyremøter. Stryn kommune går til innkjøp av kommune- TV øysing med kostnadsråme som vist i saksutgreiinga. Kostnaden på kr 180.000 vert å dekkje av investeringsfond. Årskostnaden for 2017 vert å finne dekning innanfor ordinært driftsbudsjett.

Denne saka skal opp i det ekstraordinære formannskapsmøtet og kommunestyret tysdag.