Møre og Romsdal fylkeskommune tek ansvar for å ferdigstille det oppstarta reguleringsarbeidet på fylkesveg 60 mellom Tomasgard og Røyrhus bru.

Det var eit samrøystes samferdsleutval som i dag gjorde vedtak og dette. I vedtaket heiter det at Møre og Romsdal fylkeskommune vil sørge for nødvendig avklaring med Statens vegvesen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hornindal kommune og Stranda kommune slik at arbeidet kan kome raskt i gang. Reguleringsarbeidet vert finansiert av kommunane.

- Eg er kjempeglad for dette vedtaket, seier Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel i ein kjapp kommentar like etter at vedtaket er fatta.

- Dette føyer seg inn i rekkja av det politikarane i Møre og Romsdal tidlegare har sagt. Dei har ei positiv tilnærming til å få løyst dette vegprosjektet. Vi er eit steg nærare realisering av ny fylkesveg 60 gjennom Hornindal, seier Lødemel.

Les fyldig sak i papirutgåva fredag.