Meldinga var sendt kommunen frå miljøvernsjefen hos Fylkesmannen, etter tips frå Nils Ola Skuset, som til dagleg jobbar ved seksjon for idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Det var i bekymringsmeldinga særleg vist til slitasje i området ved Gulekoppen.

– Når 400 skal gå same traséen på kort tid merkast det. Eg trur vi skal ta det på alvor, sa Anne Raftevold (H).

– Eg støttar Anne. Eg gjekk løypa veka etter Hornindal Rundt og var forbausa over kor slite det var ein del plassar, sa Brynhild Lund Notøy (V).

– Og når det er vått blir slitasjen endå større, la ho til.

Ståle Hatlelid i utviklingsetaten sa seg samd i innspela og meinte ein i alle fall kunne starte med å sjå på deler av stiane. Det vart også spela inn av utvalet at ein kunne vurdere å få hjelp frå sherpaer til utbetring av stinettet. Det måtte vidare undersøkjast kva stønadsmidlar som finst.

Utvalsleiar Edvin Haugen (H) føreslo at kommunen tek initiativ til eit møte med arrangøren, for å få igang ein dialog.