Skal vi høyre sauebjøller og sjå kyr på markane over heile landet også i framtida, eller bør ein helst satse på landbruk der potensialet er størst for vekst?

Det er eitt av dei store verdispørsmåla som ligg til grunn for dei komande diskusjonane om landbruksmeldinga som no ligg til behandling i næringskomiteen på Stortinget.

Som ein smakebit på kva slags debatt ein kan vente seg, inviterte Norges bondelag og Nationen til frukostdebatt torsdag morgon. I innleiinga til debatten presenterte Christian Anton Smedshaug i AgriAnalyse det han kallar noko av løyndommen i den norske modellen.

– Når andre land har slutta å produsere mjølk for fleire breiddegrader sidan, held Noreg på. Vi klarer å halde oppe lønsemda også i dei bruka som ligg langt unna marknadene, og dermed held vi også jordbruksarealet oppe, seier Smedshaug.

– Fint vêr får ikkje æra

Men at den noverande norske landbruksmodellen skal bestå også etter at jordbruksmeldinga er ferdig behandla, er det førebels ingen garanti for. Leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes peikar på at meldinga signaliserer ei ytterlegare sentralisering.

– Trass i at areal går ut av drift i distrikta, er det ingen tiltak i jordbruksmeldinga som vil bremse utviklinga. Korleis skal vi då klare å produsere meir mat til ei stadig veksande befolkning?

Landbrukspolitisk talsmann i Høgre Gunnar Gundersen vil likevel ikkje utan vidare gå med på at regjeringa hans er med på å legge ned gardar i Distrikts-Norge.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i skildringa av at jordbruksmeldinga vil legge store delar av Nord-Noreg og Vestlandet brakk. At gardsbruk blir lagt ned er ein generell trend som har vart i mange år, seier Gundersen. Høgre-politikaren ber heller folk om å sjå på resultata og den veksande produktiviteten dei siste åra.

– Eg aksepterer ikkje at vi berre har vore heldige med vêret i tre år. Vi har gjort endringar, men vi har ikkje rive ned dei store pålane av støtteordningar i landbruket.

Leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes og høgrepolitikar Gunnar Gundersen i frisk landbruksdebatt.

– Bønder må få ferie

Medan senterpartipolitikar og saksordførar i næringskomiteen Geir Pollestad måtte melde avbod til debatten, stilte Line Henriette Holten Hjemdal frå Kristeleg folkeparti med motsvar. Og sjølv om KrF er støtteparti for regjeringa, er ikkje Hjemdal nødvendigvis raus med støtta til den føreslegne landbrukspolitikken.

– Verken når det gjeld forslaga til marknadsendring og ferie- og fritidsregulering, vil regjeringa få støtte frå KrF. Det blir jobba så mykje på gardane, og då er det viktig med ei føreseieleg ferieordning både for dei som står i det og med tanke på rekrutteringa. Gode avløysarar må også ha bondeyrket i fingrane og ryggmergen, peikar Hjemdal på.

Krf-politikaren viser til at partiet også ønskjer å styrke snittbruket, det vil seie dei som har rundt 20–25 kyr, og at dette vil vere eitt av dei viktigaste distriktstiltaka. Hjemdal trekkjer samtidig fram forslaget frå landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) om å ta i bruk meir utmark som spennande, men strekar under at det då må vere snakk om friske tilskot, ein kan ikkje berre flytte pengar frå innmark til utmark.

Usikker veg vidare

Kva slags vilkår bøndene står ovanfor etter at komitebehandlinga er ferdig, er det førebels ingen som veit. Tidlegare i år tok mellom anna bondelaget i Sogn og Fjordane til orde for at landbruksministeren burde få heile jordbruksmeldinga i retur, så misfornøgde var dei med forslaga. Og for nokre veker sidan aksjonerte bønder over heile landet med å brenne 250 varselbål til støtte for eit framleis mangfaldig landbruk.