På landsbasis vart det vraka noko over ein prosent færre bilar i 2016, samanlikna med 2015. Trenden i Sogn og Fjordane er motsett. Her vart det i sum levert 3.541 bilar til vraking i fjor, noko som er ein auke på fem prosent, samanlikna med året før. Det kan tyde på at fornying av bilparken i Sogn har vore større enn landsgjennomsnittet.

Dei som leverte bil til vraking i Sogn og Fjordane fekk i sum utbetalt over 10 millionar kroner i vrakpant.

I nabofylket Møre og Romsdal vart det i fjor vraka fire prosent færre bilar enn i 2015 og i Oppland fem prosent færre. Dette i følgje ei pressemelding frå Skatteetaten.