Tipsa om det mykje omtalte lysegrøne fenomenet i Olden, held fram å tikke inn til Fjordingen. Eitt av forslaga til løysing var refleksflekkar eller lense flare. No har vi fått inn eit anna forslag:

- Kan ein grøn komét vere svaret på det lysegrøne lysfenomenet over Olden, spør Reidar Sanden og viser til ei nettsak på NRK.

Kometen 45P suste forbi jorda sist veke, og stod høgt på himmelen. Difor var det muleg å sjå han frå heile landet, skriv NRK.

Ein fotointeressert mann sende Fjordingen dette bildet teke i slutten av januar. Det viser eit spesielt, lysegrønt lysfenomen.