Anders Fannemel er med blant dei seks hopparane som skal forsvare dei norske fargane i hoppbakken i Lathi-VM som startar neste helg.

Fredag offentleggjorde landslagstrenar Alexander Stöckl kven som utgjer det norske hopplaget for herrar.

- Det er godt å bli teken ut, det skal bli fint det, seier ein glad Anders Fannemel på telefonen til Fjordingen.

- Eg har fått klare signal på at eg skulle vere med til VM etter ein god treningsperiode den siste tida. Eg skulle gjerne ha vore med på Asiaturen nyleg, men fleire av oss har i staden brukt dei siste vekene på å førebu oss til VM her heime, fortel Fannemel.

I ein video på nettet publisert av hopplandslaget seier landslagstrenar Stöckl at sidan halve laget ikkje var med på Asiaturen måtte ein stole på treningsresultata dei siste vekene til dei heimeverande hopparane. I lag med Anders Fannemel har også Tom Hilde og Johan Andre Forfang fått klarsignal av dei som har trent heime.

I tillegg vil det norske hopplaget bestå av Daniel Andre Tande, Andreas Stjernen og Robert Johanssson.

- Akkurat no oppheld eg meg på Lillehammer, og tysdag set vi kursen mot Lathi, fortel Anders Fannemel.