Kanskje har du allereie sett at dagens utgåve av Fjordingen ser noko annleis ut enn avisa du fekk tysdag. Avisa har fått gjennomgåande ny layout, først og fremst i form av nye skrifttyper og stikktitlar på mange av sakene våre. Men og ved at noko av innhaldet er flytta på eller gitt ny utsjånad. Endringane skal likevel ikkje vere større eller meir dramatiske enn at du skal kjenne igjen Fjordingen sitt særpreg.

Det vi har gjort har to formål: Endå meir forenkling i arbeidet for journalistane våre når vi skal velje layout for artiklar og tilsendt stoff som skal inn i avisa. Og forhåpentlegvis med det resultat at du som lesar vert meir fornøgd.

Dei største endringane finn du på side 2, 3, nest siste og siste side. Side 2 og 3 har vi endra først og fremst for å gje oss større fleksibilitet for stoffet som skal inn. Innhaldet vil vere det same som før, men på side 3 i noko anna rekkefølgje enn før. Blant anna vil du no finne fredagsandakten nede på sida.

Nest siste side kallar vi «Fjordingen Før». Vi har fjerna «rundturen» med klipp frå andre lokalaviser og heller satsa på ein meir tilgjengeleg presentasjon av Fjordingen-stoff for 10, 25 og 50 år sidan. Programmet for Radio Stryn som låg nede på nest siste side vil no kome på tredje siste side tysdagane, saman med kryssordløysing. Det betyr altså at løysinga på fredagskryssordet vårt heretter vert presentert i tysdagsavisene. Komande tysdag kjem løysing både for dagens og førre fredagskryssord.

Mange likar vitsane i Fjordingen. No har vi samla vitsane øvst på siste side medan veret, flo og fjøre er flytta til venstre spalte. Ferd’nand ligg trygt og godt nede på sida, og skal framleis vere ein fast følgjesven i Fjordingen i åra som kjem.

Om drakta er litt ny, skal vi som jobbar i avisa halde fram med å levere stoff om smått og stort, alvorlege og mindre alvorlege hendingar. Vi skal framleis vere debattarena med plass til meiningsytringar og vi skal vere den beste lokale annonseplassen. Vi håpar du likar endringane våre og framleis vert med som abonnent, som tipsar og annonsør.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør