Utbyggjar Flo Holding AS står bak 13 nye leilegheiter og forretningslokale i Stryn sentrum. Fem leilegheiter er allereie selt.

– Bygget vil få ein kostnad på 25 millionar kroner, seier eigar og utbyggjar Vidar Flo i Flo Holding AS.

Planeringa er godt i gong vis a vis Jernia Flo i Tonningsgata. Bygget, teikna av Aaland arkitektkontor AS, vil bli totalt 2700 kvadratmeter fordelt på fire etasjar, inkludert parkeringsgarasje.

Bygget, som er døypt Flogården, får ei totalflate på 600 kvadratmeter og inkluderer det eksisterande bygget med adresse Tonningsgata 31.

– Det gamle Base-camp bygget blir integrert som ein del av det nye bygget. Flogården vil romme 13 leilegheiter, samt eit forretningslokale på 550 kvadratmeter i første etasje, opplyser eigar av bygget, Vidar Flo i Flo Holding AS.

– Om dette skal bli eit butikklokale eller eit kontorlokale kjem an på kven som ønskjer seg inn, seier Flo.

Sal og utleige

Leilegheitene vil variere i storleik frå 57 kvadratmeter til dei største toppleilegheitene på 144 kvadratmeter. Fem leilegheiter skal alt vere selde.

– Vi har arbeidd med dette i eitt år allereie, men etter at vi begynte å arbeide på tomta, så har fleire meldt interesse for leilegheit her, fortel Flo som har ei laust definert målgruppe.

– Eg veit ikkje. Etablerte folk som ikkje vil ha einebustad. Det blir i alle fall topp moderne. Meir sentralt kjem ein vel ikkje i Stryn, seier Flo som uansett ikkje er redd for at leilegheiter skal bli ståande tomme.

Framdrift

– I hovudsak er alle leilegheitene til sals, men dei vi ikkje skulle få selt, leiger vi ut, seier Flo. Byggjeleiaren fortel om målsetting om høgt tempo i bygginga framover våren.

– I mars kjem betongelementa, så vil dette raskt begynne å ta form og få høgde, seier byggjeleiar i Skarstein og Valaker, Rolf Magne Hellevang.

Målsettinga er at alle leilegheitene skal vere innflyttingsklare i desember.

– Eg har allereie lova at ein kan flytte inn til jul, så vi satsar på det, seier Vidar Flo. Han legg til at det er lagt vekt på å nytte lokal arbeidskraft i alle ledd i heile byggjeprosjektet.

– Vi trur bygget vil vere positivt for heile Petterneset, konkluderer Flo.

Frå aust: Her ser vi Flogården opp mot Tonningsgata med eksisterande bygg nærast. Skisse: Aaland arkitektkontor Foto: privat