Innføring av fråværsgrense:

Fråværet har gått ned

Elevar ved Stryn vidaregåande skule. IllustrasjonFoto: Thomas Thaule

Nyhende

Fråværet på dei vidaregåande skulane i landet har gått ned etter at fråværsgrensa på vidaregåande skular blei innført i fjor haust.

Reglane som blei innført i fjor haust, gjer at elevar kan miste retten til vurdering i eit fag om dei har meir enn 10 prosent ugyldig fråvær. Dette har ført til at fråværet har stupt, skriv Klassekampen.
Avisa har fått tilgang til tal frå Sør-Trøndelag som viser at talet på timar elevane er borte har gått ned med 44 prosent. Talet dagar elevane er borte frå skolen har minka med 41 prosent sidan fråværsregelen blei innført.
Tidlegare har Buskerud rapportert at timefråværet på deira vidaregåande skular har falle med nesten 22 prosent og dagfråværet er ned med 18,6 prosent.
Utdanningsdirektør Inger Johanne Christensen i Sør-Trøndelag seier det er gledeleg at elevane er meir til stades på skulen.
– Det har stor effekt på læringsmiljøet, og det er motiverande for elevane at medelevane er til stades, seier ho og legg til at det så langt ikkje er nokon teikn på at fråfallet i skolen aukar samanlikna med tidlegare år.
Det har vore stor motstand mot fråværsreglane, særleg før dei blei innført, men Arbeidarpartiet har varsla at dei ønsker å gjere reglane mindre rigide og har programfesta ei evaluering, mens SV og Elevorganisasjonen vil fjerne heile ordninga.
(©NPK)