Valkamp, nyttårsløfte og astma- medisin var noko av det elevane ved Stryn ungdomsskule song om i deira versjon av Grand Prix onsdag.

Alle klassane hadde laga mange kreative innslag med både humor og alvor. Song, drama, dans og litt akrobatikk sjarmerte ein fullsett storsal i kulturhuset. Juryen på tre fekk ein utfordrande jobb med å finne dei tre som fekk premie.

– Vi er veldig imponerte. Det var veldig morosamt og kreativt på mange plan, og ikkje enkelt å finne 1., 2. og 3.-plass, sa Josefine Hove, som sat i juryen saman med Åge Nygård og Ingar Hjelle. To tiandeklassar og ein niandeklasse kunne til slutt juble for dei tre øvste premiane.

– Eit bra show vart resultatet av god jobbing, kreativitet og samarbeid frå heile klassen inkludert lærarane. Vi kom godt i gang, og jobba jamt gjennom heile øvingsperioden. Etter ein sånn innsats skal det bli godt med ein tur på pizzarestaurant med heile klassen, seier Peter Frausing, som hadde rolla som Trump i vinnarinnslaget til 10EF.

Då lærarane overraska som rappande og dansande gjesteartistar mot slutten, steig stemninga endå eit hakk blant publikum.