Fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen (Ap), reagerer på at fem kommunar på Nordmøre skal greie ut om dei skal slå seg saman med Trøndelag.

– Det seier seg sjølv at dette har eg veldig lite sans for. Eg sluttar meg til vedtaket i fylkestinget om at vi ønskjer Møre og Romsdal som eit eige fylke i regionreforma, seier Aasen til NRK.

Ifølgje kanalen bestemte kommunestyret i Aure torsdag at dei vil bli med på ei felles utgreiing saman med kommunane Smøla, Kristiansund, Halsa og Surnadal.

– Det er fleire årsaker. Spesielt i Kristiansund er den betente sjukehussaka ein del av bakteppet. For oss andre ser vi at dette ikkje er det viktigaste. Vi kan også oppnå mykje av det vi har behov for innan næringsutvikling, samferdsel og det kan vere andre område, seier ordføraren i Aure, Ingunn Oldervik Golmen (Sp).

Aasen seier derimot at han tvilar på at dei fem kommunane på Nordmøre vil oppnå så mykje om dei blir ein del av Trøndelag.

– Eg synest ikkje det, og eg synest det er merkeleg om det skal vere så mykje å hente på samferdselssektoren, seier han.

(©NPK)