To køyretøy vart avskilta under ein kontroll i regi Statens vegvesen på Kjøs og Nordfjordeid tidlegare denne veka. Det eine køyretøyet hadde tekniske manglar, medan det andre mangla periodisk køyretøykontroll.

Det vart også delt ut fire beltegebyr, fire gebyr for manglande dokument og eitt gebyr for utslite bildekk.

Eitt køyretøy fekk bruksforbod på grunn av manglande sikring av lasta, melder Statens vegvesen.